elinsfylkesnes.com © 2008                    

 

Nyhetsarkiv


Tour of Ardeche »

2009-09-16

 Etapperittet i Ardeche, Frankrike, blei ikkje heilt som eg hadde håpa. Formen var god i perioden før eg reiste og eg sette bla.a  2 nye personlige rekordar på temporitt her lokalt. Men dessverre begynte helsa nok ein gang å ”svikta”  nokre dagar før eg skulle reisa ned. Tung og tett i håve og ”uggen” i kroppen. Eg tok det heilt roleg dei siste dagane før avreise i håp om at det for ein gang skyld skulle snu!!! Men det blei ei tøff veka; 5 dagar, 6 etappar 17,5 timar, 553 km og 7000 høgdemeter kombinert med 30 grader i snitt temp, ein ”halv-sjuk” kropp og håveverk er ingen spøk!!

 

Les meir »

 

Reiser til Frankrike på ettaperitt med landslaget i morgen »

2009-09-05

I morgon tidleg reiser eg til Frankrike for å sykla "Tour of Ardeche" i lag med landslaget. Dette er eit etapperitt med 6 etappar som går over 5 dagar, 5 fellesstartar og ein tempo. Det er eit kuppert ritt med fleire "heftige" fjell og med svært høgt nivå, så det  blir spennande å få prøva seg!!

Les meir »

 

Albstadt frauen etappenrennen »

2009-08-24

Denne helga har Team Alfa vore i Tyskland og sykla  ”Albstadt Frauen etappenrennen” på oppdrag fra forbundet/landslaget. Fra Team Alfa var eg, Johanne og Tone,  med oss hadde me i tillegg Marie Voreland og Emma Skjærstad. Me reiste først til Oslo på onsdagen for å stå på stand for ”Trek” i forbindelse med Oslo Grand Prix, og reiste vidare til Tyskland torsdag morgonen. Det blei ein lang dag med mykje venting, team bilen som var kjørt i forveien og skulle henta oss på flyplassen i Frankfurt, hadde fått motorhavari…..

 

Les meir »

 

3 x alfa på pallen samanlagd i Lørenskog!!:-) »

2009-08-17

Søndagens fellesstart gjekk over ei ganske kuppert 64 km lang løype! I dag viste heldegvis Lørenskog seg fra ei langt bedre sia med sol og opplett!! Rittet i dag gjekk bra, det blei kjørt ganske aktivt fra start fra Alfa si sida, men og ein del andre gjorde ein god jobb for å få fart på rittet!!:-) I ein bakke etter ca 3 mil kom eg, Tina og Trude Karlsen oss avgårde i brudd. Ein bratt og relativt lang bakke skulle kjørast to ganger heilt mot slutten av rittet, siste gang opp her måtte Trude sleppa oss og eg og Tina kunne sykla inn til dobbel Alfa seier. Eg kom på 1.p og Tina på 2.p. Samanlagd "tapeserte" me og pallen, eg på 1.p Tina på 2.p og tone på 3.p. Nok ei kjempe helg for Team Alfa med godt samarbeid!!:-)

Les meir »

 

NC i Lørenskog: Bula petit prix »

2009-08-15

Denne helga syklar eg  Norgescup i Lørenskog. Fra Team Alfa stiller eg, Tone, Tina og Johanne. I dag, lørdag, var det tempo ritt på 10km på føremiddagen og gateritt på ettermiddagen.

Les meir »

 

NM sølv på Bane og 2 gull i NC i Trønderfestivalen!! »

2009-08-09

Etter verdenscupen i Sverige reiste eg rett fra Oslo og opp til Trondheim for å sykla NC og NM bane i lag med Team Alfa, mens Rune og gutane reiste vidare heim. Trondheim viste seg frå si beste sida med sol, varme og eit flott arrangemang og Team Alfa ”viste musklar” og stod på toppen av pallen i alle disiplinane i NC ritta. Eg kunne etter helga reisa heim med 2 gull og samanlagdseier i NC og sølv i bane NM på 3000meter, og eg har dermed tatt min 7 individuelle NM medalje på senior nivå!!:-)

 
 
 

Les meir »

 

Tour De Bretagne og Verdenscup i Vårgårda »

2009-08-08

 

Tida har gått fort etter NM og eg har vore mykje på reis. I midten av juli reiste eg ned til Frankrike med landslaget og sykla Tour De Bretagne.

Les meir »

 

Windose, ein naturleg del av treningskvardagen »

2009-07-11

Eg og resten av Team Alfa har no brukt Windose produkt i eit halvt år og begynnar å bli både godt kjent med og ganske ”avhengig” av dei ulike produkta. Windose er blitt ein naturleg del av ”treningskvardagen” min, og eg er svært fornøgd med desse produkta. Nokre av desse produkta er eg blitt spesielt glad i og ”avhengig” av:

Les meir »

 

NM fellesstart »

2009-07-07

Då er NM gjennomført for denne gang, og eg begynnar å få det "litt" på avstand!! Fellesstarten sist lødag gjekk i ei relativt flat og lett løypa med ein teknisk avslutning og spurt. Eg hadde håpa at det skulle bli kjørt fort og hardt for å få delt opp feltet mest mogleg, massespurt var ikkje noko drøymesituasjon for meg her!

Les meir »

 

NM tempo, ein litt skuffande 3.plass!! »

2009-06-25

Eg må nok berre innrømma at eg er litt skuffa i dag og at ambisjonane egentleg var enda litt høgare! Samtidig så var eg ikkje betre i dag  i denne løypa, eg gav det eg hadde og dei som slo meg var i dag sterkare, enkelt og greit!! Eg hadde Knut Anders Fostervold og Kurt Asle Arvesen i følgebil bak  i tillegg til  Sveinung Vea fra Team Alfa og Rune, så teamet i "ryggen" var det lite å utsetja på!!;-) Det å ha Kurt Asle "på øyra" i 3 mil med motiverande veiledning og tilrop er jo litt stas å får ein til å henta det ein har  i "kjellaren"!!

Les meir »

 

NM gateritt, 4 plass »

2009-06-22

I går var det NM gateritt på Forus i Stavanger. Løypa gjekk i ei 2km lang flat rundløype med brei fin veg og var ikkje noko særleg krevande teknisk. Me stilte 4 jenter fra Team Alfa, Tina er desverre skada og måtte stå over i dag. Me hadde ambisjonar om å få minst ein pallplass, og med 3.plass som beste for laget (Tone Walskaar) og 4.plass for meg sjølv, er eg ikkje heilt fornøgd verken på vegne av meg sjølv eller laget.

Les meir »

 

Cosmic carbone hjul til salgs »

2009-06-16

Eg har eit  Cosmic Carbone hjulsett rimeleg til salg. Dette er gode og fint brukte høgprofilshjul som er stive, solide og som trillar svært bra. Selges for kr 5000,-

Les meir »

 

Nordsjørittet; for eit ritt, for eit arrangemang....:-) »

2009-06-14

I går sykla eg Nordsjørittet som er eit  91km langt terrengritt fra Egersund til Sandnes. Rittet går i fantastisk natur på grusveger, asfalt og litt i skog. Med 75oo deltakarar, mykje folk langs løypa og ein folkefest i Sandnes sentrum, var dette ein fantastiks opplevelse å vera med på. Nordsjørittet er ein av sponsorane til Team Alfa og me skulle derfor prioritera dette rittet til tross for at det er eit terrengritt. Me stilte med 3 ryttarar: eg, johanne og Tone,  målsetninga var klart å få iallefall ein pallplass!!

Les meir »

 

Bergen-Voss, ny rekord med over 20 min!!!:-)) »

2009-06-06

I dag var det duka for Bergen-Voss, eit kjempeflott turritt på 162 km og med ca 2000høgdemeter!!! Det er eit ritt som passar meg bra og som eg likar godt. Det er 4 år sidan eg sykla det sist, eg hadde då damerekorden på 4t42 min, men i fjor tok Marit Iden ny damerekord på 4t39min. I år var derfor målet utvilsomt å ta rekorden tilbake.

Les meir »

 

Haugesund - Sauda »

2009-05-31

"Haugesund - Sauda" er eit flott tur-ritt på ca110 km i kuppert terreng, med bra stor deltakelse. Eg har sykla dette rittet ein gang før for 4 år sidan, den gang i regn og hagl!!! I går var det strålande sol og flotte forhold:-)

Les meir »

 

Veien vidare!! »

2009-05-28

Tida går fort og det nærmar seg NM som sjølvsagd er eit av dei store måla i år. Det gjeld no å prøva å vera "lur"  med tanke på korleis opplegget blir dei neste vekene. Formen er ikkje så aller verst men heller ikkje på topp, i tilegg manglar eg ein del grunntrening dei siste vekene som følge av ein "trøblete" start på sesongen. men no er eg iallefall heilt frisk igjen:-)

Les meir »

 

Vant samanlagd i Østfold 3-dagars!!! »

2009-05-25

I helga var det Norges cup ritt i Østfold med rekordeltakelse på damesida!! Alle dei norske laga stilte, i tillegg til to svenske lag og eit dansk lag. For første gang stilte me i Team Alfa til start fulltallige.

Les meir »

 

Fana sykkelfestival - godt å vera i gang!!:-) »

2009-05-10

Då er eg komen heim igjen etter 3 dagar med ritt i Fana. Det er godt å vera komen igang igjen og å kjenna at kroppen fungerer langt betre enn eg hadde frykta med tanke på bihuleproblematikken og sjukdomen eg har slitt med den siste månaden. Med to 1. plassar og ein 2. plass samt samanlagtseier, må eg sei meg veldeg godt fornøgd!!:-)

Les meir »

 

Fana sykkelfestival »

2009-05-07

Til helga er det Fana sykkelfestival i Bergen med bakketempo fredag og fellesstart lørdag og søndag. Fana sykkelfestival er eit kjempe flott arrangemang og har løyper som eg, normalt sett, likar veldeg godt.

 

Les meir »

 

Nok ein gang må eg melda avbud pga sjukdom!! »

2009-04-25

 

Til UCI rittet Roselare i Belgia i morgon, er me tre Alfa jenter som er teken ut til å kjøre med landslaget!
 

Les meir »

 

nytt ritt i Belgia!! »

2009-04-20

Nytt kermisritt i Belgia i Vlissegem, 87km fordelt på 14 rundar i dag òg! Ei heilt flat løypa med masse vind (20 høgdemeter totalt!!)!! Med tanke på den sterke vinden blei det kjørt fort (39km/t), og var veldig hardt!!

Les meir »

 

Då er me endeleg igang!!:-) »

2009-04-18

Då er me i gang, herligt!!:-) I dag har me kjørt vårt første ritt med Team Alfa, kermissritt i Evergem i Belgia. 82km fordelt på 14 runder med 100 startande.

Les meir »

 

på samling med Team Alfa i Belgia »

2009-04-17

Etter å ha vore heima i påsken å lada opp batteria i saman med Rune og gutane, reiste eg på onsdag ned til Belgia med Team Alfa. Me er no samla alle 5 jentene + lagledaren vår (Sveinung Vea). Me bur i ein leilighet i Oudenaarde ikkje så langt fra Brussel. Veldeg kjekt at Sveinung òg hadde anledning til å vera med oss ned. Som nytt team er det viktig å bli betre kjent og å få anledning til å drøfte ulike ting som målsetningar, spillereglar etc.

Les meir »

 

Blir ikkje ritt i Belgia til helga »

2009-04-02

Desverre slit eg framleis med bihulebetendelse og sjukdom. Eg har ikkje fått trent i det heile tatt den siste veka, prøvde meg på ein liten tur i går, men det gjekk heller dårleg.

Les meir »

 

tilstandsrapport... »

2009-03-31

Då har både vèret og helsa desverre endra seg litt her nede på Mallorca. Dei siste dagane har det vore regn, oversky og kaldt, og eg har vore "nede for telling" pga bihulebetendelse. Både søndag og mandag var eg veldeg dårleg og stort sett sengjeliggjande, eg er litt betre i dag og håpar derfor det har snudd. Begynte på antibiotika i går. Fokuset no blir derfor kun å ta det med ro og å bli frisk igjen. Følte formen var veldeg bra i sist veka, så satsar på at den framleis "ligg" der når eg berre blir frisk igjen. Det er enda nokre dagar igjen til Belgia og ritta der , så eg  har ikkje gitt opp håpet mtp å få delta der enda. Dei andre jente er heldigvis friske og får trent bra til tross for litt dårligare ver! 

Les meir »

 

utteken til landslagsritt 6. april i Belgia »

2009-03-28

Eg har no snart vore ei veka på Mallorca i lag med Tone, Tina og Johanne fra Team Alfa. Me har hatt det strålande så langt, kjempe flott ver, fine treningsturar og god stemning. Desverre ser ikkje meldingane så lovande ut vidare, men me får håpa det snur!! Tone reiste heim i dag, men me andre har litt meir tid igjen her. Då sesongen nærmar seg "stygg-fort" , brukar me treninga her til litt formoppkjøring. Kjører ein del langturar men og ein god del hardt. Me bur på eit sykkelhotell og det har ikkje vore vanskeleg å finna syklistar som har vore klar til å gje oss "matching" på intervall øktene!! veldeg kjekt! (me skriv ein del rapportar herifra som blir lagd ut på www.team-alfa.no)

Rett før eg reiste ned fekk eg beskjed fra Steffen Kjærgaard om at eg var teken ut til å kjøra ritt i lag med U23 landslaget i Belgia 6.april, sesongen er dermed brått igang!! Eg reiser direkte herifra til Belgia 2.april, skal kjøra eit kermiss ritt i Belgia 4.april for å koma igang, før det brakar laus med GP Dottignies UCI cat 1.2, 6.april. Det bli både litt skummelt og spennande å koma i gang igjen!:-)

Les meir »

 

klar for Mallorca »

2009-03-22

 

Den siste veka er våren komen for fult til Bømlo. Har fleire dagar hatt eit fantastisk ver og eg har fått fleire lange fine turar på sykkel. Har tatt i bruk den nye Trek madone 5.2 landevegssykkelen min og er veldig fornøgd. Den er både god og passeleg til meg, og det siste er dessverre ingen selvfølge!! Viser seg at det kan vera vanskeleg å få tak i små nok syklar dersom dei skal vera av ”god nok” kvalitet. Dessverre blir ikkje temposykkelen til Trek, som Team Alfa skal sykla på, laga i liten nok størrelse. Eg kjem derfor òg i år til å sykla på Scott`en min. Eg er godt fornøgd med Scott`en , men må innrømma at eg kunne tenkt meg temposykkelen til Trek, for den er Rååå!!!!! Men til neste år skal dei laga den i mindre størrelsar så då er det eit håpJ
 

Les meir »

 

"vår i lufta"!!:-) »

2009-03-10

Vinterne er over for denne gang her på vestlandet. Det er mildt og vått, men til tider glimta det til med "bare" vegar og vår i lufta!!:-) Eg har nett vore ei veka på vinterferie på fjellet med gutane. Det var herligt å få ha så mykje tid i lag med dei, og å nyta freden og roen på hytta! Rulla og sykkelen var med så eg fekk utført treninga etter planen, i tillegg fekk me nokre flotte skiturar. Godt å få "lada opp batteria" i lag med familien når ein veit at det nærmar seg ei tid der eg er mykje vekke!Me er  alt komen godt  inn i mars månad, og sesongen nærmar seg med stormskritt. I slutten av månaden er det tid for ny treningsleir på Mallorca i saman med dei andre "Team Alfa" jentene (bortsett fra Kirsti som då er i Belgia),  og rett etter påske reiser me til Belgia for å begynna "ritt sesongen" der!!

 

Les meir »

 

Ei stor takk til mine trufaste sponsorar »

2009-03-10

Eg er svært takknemlig for at min trofaste sponsor "Finnås Kraftlag"  vil vera med å støtta meg òg i sensongen 2009, og i saman med Bink Hus/Steinsbø Hus og KFS -bygg, som òg er med vidare, er det desse som gjer det mogleg for meg å satsa nok eit år!! Hadde det ikkje vore for at desse stiller opp hadde eg måtta senka ambisjonar og målsetning betrakteleg!!!!

Les meir »

 

fantastisk samling med Team Alfa »

2009-02-23

Då er eg heima igjen etter 2 innhaldsrike og kjekke "sykkel-samlingar", først i Molde saman med Trenar Fostervold og deretter med Team Alfa i Lørenskog. Samlingen med Team Alfa var òg svært vellykka.  Me har fått eit kjempe bra støtteapparat og eg er veldeg takknemlig for at så mange gode ressurspersonar vil satsa på oss. I tilegg har me topp utstyr på alle områder. Me fekk utlevert draktene som me synest blei kanonfine, desse + hjelmar og briller er levert av Spiuk. Me har fått fult opp av ulike ernæringsprodukt o.l av Windose,  eit svært spennande produkt som eg gledar meg til å begynne å få prøve ut. Me har syklar fra Trek, hjul og sko fra Bontrager, og dekk fra Hutchinson, så utstyret skal det iallefall ikkkje stå på...:-)!!!! Men det aller viktigaste er at me eit lag som trivest godt i saman og som eg er sikker på skal klara å henta fram det beste i kvarandre. Me gledar oss alle veldeg til å koma i gang, og har veldeg lyst til å kunne gje noko tilbake til alle som stiller opp for oss i form av god sykling og gode resultat!!!!!!

Les meir »

 

Fra treningssamling i Molde til treningssamling i Oslo »

2009-02-19

 Etter 3 kjekke treningsdagar i Molde i lag med Knut Anders Fostervold, er eg no komen til Oslo klar for "kick-off" samling med "Team-Alfa". I Molde har me hatt fine og harde treningsdagar med fokus på temposykkel. Dei fleste øktene har føregått inne på rulla, men me har og sykla ute i ein 4,3km lang tunnell mest utan bilar, genialt i desse vintertider!!:-)Kjekke og motiverande dagar!!! No er eg klar for nye kjekke og innhaldsrike dagar i lag med "Team-Alfa" her i Oslo! Det blir inntervalltrening inne på rulle/spinningsykkel, styrketrening og langtur på ski. I tillegg blir det ein meir "teoretisk del" med presentasjon av laget, utstyr, sesongplan etc samt uike føredrag!! Blir spennande, gledar meg!!:-)

Les meir »

 

team alfa!! »

2009-02-04

Då begynnar det å skje saker og ting med det nya laget vårt!!:-) Me har fått namn; Team Alfa, draktene er ferdig designa og under produksjon og me har fått eiga heimesida; www.team-alfa.no!!! 20.02 til 22.02 skal me har den første treningssamlinga der alle på laget er samla, gledar meg veldeg til det. Har stor tru på laget og på neste sesong, kan nesten ikkje venta med å få koma igang.......:-)

Les meir »

 

då eg i år skal sykla på Trek sykkel, skal eg selga min trofste venn gjennom 2008, Merida sykkelen!! »

2009-01-27

Merida Scultura team FLX landevegssykkelen min selges for kr 19000,- (ny pris 39000,-) Rammestr 50. Sykkelen var ny vinteren 2008 og er kun brukt i sesongen (mars til oktober). Den er god som ny, har carbon ramme, sram force utstyr og ksyrium ES hjulsett. Er du interessert så kontakt meg på tlf 95248744

Les meir »

 

fantastisk treningsleir på Gran Canaria »

2009-01-18

Då er eg heima igjen etter ei fantastisk fin treningsveka på Gran Canaria!! Eg reiste i lag med Johanne Bergseth fra Sandnes, me skal sykla for det same konkurransefellesskapet i år så det var veldeg kjekt å få bli betre kjent med henne.  Me har i løpet av veka trent 29 timer, tilbakelagd 611km og 10315 høgdemeter. Farten blir ikkje så stor pga  svært kuppert terreng, men me får desto meir bakketrening!!:-) Det blei ein god del både mengde og kvalitetstrening, og me er begge svært fornøgde med utbyttet!! Vèret var for det meste bra, nokre dagar "jaga" skyene oss ned fra fjella, men då var det sol på kysten, så litt "sykkel-skille" har me no fått!!:-)) Bakdelen med treningsleir er at ruskaveret her heima kan ta motet i fra ein etter å ha sykla i kort-kort, men me venner oss nok fort til det igjen er eg redd!!!

Les meir »

 

Snart tid for avreise til Gran Canaria!!:-) »

2009-01-09

Då er me allerede godt i gang med det nya året, tida går fort å før me veit ordet av det er sesongen i gang igjen!! Eg har fått trent bra i jula, men blei desverre litt forkjølt og "småsjuk", og måtte derfor ta det litt meir med ro enn eg hadde tenkt. Men  har vore masse ute i skog og mark med familien i eit  fantastisk vinter vèr! No er det full trening og fokus framover mot sesongen. I måro reiser eg og Johanne (Sandnes sk) til Gran Canaria i ei veka, til tross for flott ver her heime skal det bli fantastisk å koma ned til sol og varme og lange turar i "kort-kort"!!!:-)

Les meir »

 

nytt norsk damelag til neste år!! »

2008-12-08

Då begynnar ting å falla på plass for det nye damelaget eg skal sykla på til neste år!!:-) Laget har ikkje enda fått namn, men me er pr i dag 5 jenter (jobba med å få på plass den 6.) som skal sykla i lag i eit konkurranse fellesskap/lag. Dei 5 er; eg, Johanne Terese Bergseth (Sandnes), Kirsti Ruud (Østmarka), Caroline Wøien (Hero) og Tina Andreassen (Ringerike). Komkurranse felleskapet fungerer slik et me syklar og fungerer som eit lag, men me høyrer fortsatt til våre respektive klubbar, eg høyrer derfor heldegvis fortsatt til Bømlo sykkelklubb!! me har som mål å hevda oss innen norsk sykkelsport og å få delta i nokre store etapperitt/ritt i utlandet. Eg synest det er kjempe positivt at det no skjer litt i norsk damesykling. Me blir i år 2 nye store lag på damesida, dette kjem garatert til å vera med  å heva nivået på damesyklinga her til lands!!! Gleda meg til å sykla for eit lag, å kjenne sjølvsagd at konkurranse instinktet våknar litt ekstra no når me blir fleire store lag!!:-) Me har eit godt lag som eg er overbevist om at kjem til å fungere godt i lag både sosialt og sportsleg!! Me har hyggelege og flinke folk rundt laget som jobbar med å få det praktiske på plass, og har no òg fått ein ledar på banen, Sveinung Vea, han har ein solid idrettsbakrunn både teoretisk og i praksis. Gleda meg veldeg til å bli betra kjent med alle og til å koma skikkeleg i gang med samarbeidet!! Eg har stor tru på neste sesong!!:-)

Når det gjeld treninga, er eg godt i gang med forberedelsane til neste sesong. Eg trivest godt med det nye opplegget til Kaka trening og Knut Anders, det er vareriert og motiverande. Vestlandsveret har ikkje berre vist seg fra si besta sida i år, så det har blitt ein del turar i skikkeleg drittver og på piggdekk, men blir det for gale tyr eg til rulla eller joggeskoa. I tiellgg blir det ein del styrketrening på "Trimclub". I forhold til i fjor på sama tida, då eg fortsatt hoppa på krykke (gjekk på krykke både okt, nov og litt i des pga bekkenbrudd), føler eg at eg er veldeg godt i gang!!:-)

Les meir »

 

Treningssamling i Molde »

2008-11-02

I helga har eg vore på treningssamling i Molde. Dette var ei samling for alle som er tilknytta "Kaka trening", ein kjekk gjeng med syklistar på ulike nivå. På lørdag hadde me spinning og styrketrening med Knut Anders og Kurt Asle. Ei nyttig og lærerik økt der me fekk mange gode tips og fekk utført lactat-målingar (syreterskel). Om kvelden var det føredrag med Kurt Asle og "sosialt samvær". I dag har me hatt roleg langtur i form av tur i fjellet. Det har vore ei lærerik og hyggeleg helg. Eg har stor tru på programmet dei har sett opp til meg og gledar meg til å koma skikkeleg i gang både med treninga og samarbeidet!!

Les meir »

 

Knut Anders Fostervold og Kurt Asle Arvesen som treningsveiledarar! »

2008-10-30

Heisann! Då  er "ferie-månaden" oktober så godt som over, og det er på tide å koma skikkeleg i gang igjen med strukturert trening mot neste sesong. I midten av oktober hadde eg eit inngrep i "naso" for å redusere slimhinnene, dei var kronisk hovne, så no håpar eg på større luftpassasje og forhåpentleg færre bihulebetendelsar....:-)!!! Eg har likavel fått trent litt denne månaden òg, det har for det meste gått i jogging, spinning og litt styrke, sykkelen har eg holdt meg unna ein liten periode!!

Det er fleire spennande ting på gang og eg er topp motivert mot neste sesong. Eg har fått permisjon fra jobben eit år til, skal jobba to dagar i veka no dei første månadane, men skal ha heilt fri i sesongen!! Eg er veldeg glad for at kommunen(arbeidsgjevar) er med på å leggja det til rette slik at eg nok eit år kan streba mot nye og enda høgare mål.....!!!

Noko av det som er nytt og spennande til neste år, er at eg skal ha "kaka-trening", som består av Knut Anders Fostervold og Kurt Asle Arvesen, som trenarar/treningsveiledarar!!! Det blir Knut Anders som står for den "daglege" kontakten, mens Kurt Asle bidrar med sin kunnskap i forhold til utforming av treningsplanar.

 

 

 

Les meir »

 

Kalas cup finale på Jessheim »

2008-10-04

Då var me ferdig med det aller siste rittet for i år, avslutningsrittet i Norges cup`en. Fredag kjørte me tempo på 8,5 km. Det regna og var veldig kaldt, løypa hadde 3  90 graderssvingar kvar vei + vending, eg kjørte veldig forsiktig i svingane ( temporittet i avslutninga i fjor satt nok litt i håve....) Følte heller ikkje eg hadde så veldeg gode bein i dag, men det haldt heldigvis til ein 3.plass!! Tina Andreassen fra ringerike vant og Bjørg Eva Jensen blei nr 2, eit halvt sekund føre meg!!

I dag var det fellesstart, òg i dag i eit ufyseleg ver; 4 grader og regn!! Det var ein del brudd forsøk spesielt i starten og mot slutten av rittet men ingen som lukkast å koma i fra. Eg prøvde og å stikka, men følte eg ikkje hadde nok "guff" i beina i dag, formen er nok over for denne gang. Det enda med spurt, Linn Torp og lagvennina fra Belgia (Emma Macire) hadde ein "proff" avslutning og fekk 1. og 2. plass. Eg lukkast ikkje i spurten i dag og blei nr 6. 

I kveld er det bankett og avslutningsmiddag. Det blir gøy å treffa "sykkelnorge" i ein anna "setting" enn svette sykkelklær!!! Må og innrømma at det no skal bli godt med ein liten ferie fra syklinga, det har vore ein lang sesong. Gutane har haustferie neste veka så då skal me til hytta på vintertun å gå masse fine turar i fjellet, forhåpentleg i eit flott haustver!!! Gledar meg!!

Les meir »

 

Ny »

2008-09-27

i dag var det tid for å kjempa seg opp Stoltzekleiven i lag med 3200 andre galningar!!:-) "Stoltzen opp" er verdens brattaste motbakkeløp, og blei i år arrangert for 30.gang! Det er eit løp der du garantert får smaka melkesyra. Løypa  består for det mesta av ujamne trappetrinn i stein (ca 800 trinn). Det er eit veldeg flott arrangemang, og eg bådde grudde meg og gledde meg til å kjempa meg opp kneika. Eg var veldeg usikker på kva eg "var god for" i dag, då eg ikkje har hatt joggesko på beina sidan i vinter, men satsa jo på at grunnformen var på plass:-) Det gjekk bra fra start, var aldrig heilt i "kjellaren", og lure jo på i ettertid om eg ikkje kunne greid å skvist ut litt meir krefter (eg verken kasta opp eller måtte ha hjelp til å stå oppreist når eg kom i mål...:-)) I tillegg tapte eg nok litt tid på at eg måtte ha ein god del "forbikjøringar" underveis, men eg er uansett knallfornøgd med tida mi. Eg kom i mål på 10.56 som er nesten 50sek betre enn rekorden min fra 2004 (11.42). Dette var langt over all forventning!!! Eg enda dermed på 2.plass og kunne reisa heim med eit gavekort på 5000kr fra Adidas! Har og kjempa meg inn igjen på topp 10 lista, og enda med tida i dag på 6.plass over beste dametider gjennom tidene!! Dameklassen blei vunnen av ei 14 år gammal jente!! Ho slo meg med 2 sek og vant med tida 10.54. Utruligt imponerande, ho er visstnok eit lovande friidrettstalent, og har nok ei lysande idrettsframtid forann seg!!!

Les meir »

 

Fanahytten opp »

2008-09-21

Sesongen går no mot slutten for denne gang. Det er  berre 2 veker igjen før cup-avslutninga som er siste rittet for i år!! Denne siste tida blir det  til at eg føl "lysten" kanskje litt meir enn fornuften med tanke på treningsopplegg,  gjer det  eg har lyst til akuratt der og då og føl ikkje treningsplanen så nøye. I går reiste eg og Vidar til Bergen for å sykla Fanahytten opp. Kjekt å sykla eit ritt i Norge igjen, har  kun sykla i utlandet etter NM. Det gjekk mykje godt bra, eg enda på 17.09 og Vidar på 15.46, me hadde begge håp om nokre sekundar raskare, men er tålig fornøgd, vant klassane våre begge to. Neste helg har eg meldt meg på Stoltzekleiven, noko som iallefall må seiast å vera eit "lyst - innfall"!! Eg har ikkje sprunge ein meter sidan mars, så korleis muskelaturen vil tåle det blir spennande å sjå, at eg kjem til å bli stiv er det ingen tvil om, men i hvilken grad.....!! Har funne ut at det er for seint å begynna å trena springing no sidan det berre er ei veka igjen til løpet, er redd eg då fortsatt er veldeg stiv og tung i muskelaturen til løpet. Eg tar det derfor på "direkten" og satsar på at det skal gå bra:-) Eg Fortsetter med  å trena på sykkel i tillegg til å gå rolige turar på Siggjo for å venne muskelaturen til litt "støt og slag" og på den måten førebygga at eg ikkje skal blir FOR stiv etter løpet og til cup avslutninga. Målet på Stolzen er uansett å setja ny pers!!:-) Den gamle er fra 2004 på tida 11.42. 

Les meir »

 

verdens cup i Nurnberg i Tyskland »

2008-09-18

Søndag 14.09 var det klart for verdens cup ritt i Nurnberg i Tyskland. Rittet gjekk over 10 runder i ei løypa på 13 km. Løypa var rundt gamlebyen, og var ei flat og rask løypa. Hausten var komen til sør Tyskland og det var "bikkje-kaldt" men opplett. For Norge sykla eg , Kristine Saastad, Frøydis M Werstad, Caroline Wøien og Linn Torp. Første halvdel gjekk greit, det var nokre små brudd-forsøk, der bl.a eg og ein ryttar fra "Nurnberg" og ei fra "Team Colombia" var avgårde, men me blei snart kjørt inn igjen av feltet. Halvvegs i rittet kom ei gruppa på ca 20 ryttarar seg avgårde, her var ryttarar fra alle dei store laga med, noko som førte til elendig kjøring i hovudfeltet. Det var frykteleg frustrerande å sitja igjen i feltet,  følte eg hadde møkje krefter "til overs" men det var likevel nytteslaust så lenge alle dei store laga ikkje var villig til å kjøra. Prøvde å støta meg opp, men blei henta inn igjen. Eit av dei mest frustrerande ritta eg har kjørt. Det å koma til mål utan å føla seg skikkeleg sliten å med ein følelsa av at ein har meir på lager er alltid frustrerande og når dette er i eit verdens cup ritt er det ekstra gale!!! Eg låg for langt bak og var for lite oppmerksom når bruddet gjekk, stolte og litt for lenge på at andre kom til å kjøre det inn. Men dette er òg ein læring, det å vera på rett plass til rett tid og å lesa spelet rett...! Alle me norske satt igjen i hovudfeltet og kom samla inn til mål. 

Les meir »

 

UCI kategori 1.1 ritt i Sveits »

2008-09-09

Søndag sykla eg, Kristine Saastad, Frøydis Werstad, Bjørg Eva Jensen og Caroline Wøyen UCI ritt i Sveits for landslaget. Løypa var kuppert og hard, og nivået på deltakarene var høgt. Eg følte det gjekk møkje godt greit, enda på 24 plass, 1min og 30 sek bak vinnaren. Hadde i utgangspunktet håpa på ein betre plassering, men er likevel bra fornøgd då eg føler eg fekk gjort "mitt beste"!! Frøydis blei nr 35, ho har hatt ein imponerande framgang denne hausten og blir stadigt sterkare. Bjørg Eva, Caroline og Kristine kom litt lengre bak. Eg er no heima ein tur, og det er ikkje til å leggja skjul på at det var godt å sjå gutane mine igjen, både store og små!!!:-) Fredag reiser eg ned igjen til Tyskland for å sykle verdens cup ritt i Nurnberg.

Les meir »

 

Kermiss ritt i Belgia »

2008-09-02

Nytt kermiss ritt i dag. Løypa var i utgangspunktet 15 x 6km, men pga kraftig regn på slutten blei det underveis kutta ned med 2 runder. Det var ei svært teknisk løypa, mykje svingar, smale vegar og dårleg underlag. Me jobba godt som eit lag i dag, byta på å støte og var alle 3 til tider i brudd. Eg var veldeg aktiv  og følte meg pigg. Ei fra DSB og ei fra Flanderen kom seg i fra, dette bruddet holdt inn. Kristine kom seg i fra når det egentlig var igjen 4 runder (men blei redusert til 2). Feltet gjekk då roligt og det blei samla spurt i hovudfeltet, spurten gjekk relativt dårleg for min del då eg låg på hjul til ei som punkterte 70 m før mål, mista då all fart. Kristine blei nr 3, Frøydis nr 8 og eg nr 11, er samla sett godt fornøgd!!

Heldegvis var  Davy på plass med flasker langs løype i dag og. Allerede etter 3 runder hadde begge mine flasker hoppa ut av flaskestativa på det ekstremt humpete underlaget. Hadde blitt ein lang tung tur utan ny forsyning!!:-)

Les meir »

 

kermis ritt i Aflingem i Belgia, 2. og 3.plass til Norge:-) »

2008-08-31

Etter ei veka her i Belgia med kun trening, var me veldeg klar for eit ritt i dag!! Det er eg, Frøydis og Kristine som er her for øyeblikket. Rittet i dag var eit Kermis ritt på ca77km fordelt på 9 runder. Løypa var ei hard jobbeløype med masse svingar og litt bakkar. Kristine er tøff og har fått som sin spesialitet å gå i brudd tidleg i denne type ritt, noko ho og gjorde i dag. Ho kom seg avgårde i lag med ei anna allerede på første runde. Eg derimot fekk meg ein tur gjennom ein hekk på slutten av første runde....!!??:-0 Eg låg då ca i midten av feltet, me kom inn i ein sving som såg ut til å vera 90 grader , men som viste seg å vera 180 grader!! Me hadde alt for stor fart, det blei ein del bremsing og eg forsvant rett gjennom ein hekk!! Det heile såg nok litt komisk ut, sykkelen stod igjen på utsida mens eg forsvann gjennom hekken og inn i ein hage!! Det var enkelt å koma seg gjennom med fart men verre når eg skulle ut igjen, då såg eg kor tett den hekken egentlig var!! Men , men ingen skade verken på meg eller sykkelen og etter ein runde tok eg feltet igjen.

Les meir »

 

Albstadt; Frauen etappenrennen »

2008-08-26

Onsdag 20.08 reiste eg ned til Belgia igjen for å vera med landslaget til Tyskland for å kjøre UCI etapperitt. Rittet gjekk over 3 dagar; prolog, fellesstart og gateritt/fellesstart. Eg er no frisk igjen, men spent på om formen er  komen seg nokonlunde på plass igjen!

 

 

Les meir »

 

heima igjen etter snartur til Belgia og »

2008-08-13

Eg reiste på fredag ein "snartur" ned til "U23 jentene" som for tida oppheld seg i eit leigd hus i Flanderen i Belgia. Eg kom heim igjen i går då det denne veka er svært travelt på "heimafronten" , men reiser ned igjen onsdag 20. aug. Skal då bl.a sykla etapperitt i Albstadt i Tyskland. Søndag sykla me "Holland Hills" i Valkenburg i Nederland. Dette er eit svært kuppert og krevande UCI ritt med over 150 startande. I utgangspunktet er dette eit ritt som passa meg godt pga at det er hardt og kupert. Samtidig er det veldeg teknisk og mykje smale vegar som stiller store krav til gode egenskapar mtp plassering i felt,  det er her min største utfordring ligg. Formen min er desverre ikkje heilt på topp for tida, har slitt med helsa etter Sverige å bihulebetendelse. Eg er på bedringens vei men kjenner eg ikkje er komen meg heilt "opp igjen" enda. Eg sleit underveis i rittet, å hadde ikkje så mykje å gje i bakkane som eg kunne ønskt!!! eg enda på 30 plass og er greit fornøgd med det etter forholda. Eg var i same felt som Hege Linn, ho kjørte godt opp siste bakke og kom først i vårt felt og blei nr 17. Dei andre norske jentene imponerar meg stadigt mtp plassering i felt. Dei er veldeg flinke til å utnytta feltet og å kjøra "billigt", her er dei til stor inspirasjon for meg!!! Kristine og Frøydis fekk fullføre rittet men havna litt lengre bak. Me var flinke undervegs til å motivera å støtta kvarandre og eg gleda meg til å sykla fleire ritt i lag meg "jentene"!!:-)

Les meir »

 

Verdenscup i Vårgårda, lagtempo »

2008-08-02

Fredag kveld var det klart for lagtempo, forventningane var ikkje så veldeg høge mtp kva lag me skulle konkurera imot. Målsetjinga var å jobba godt som eit lag og å utnytta kvarandre sin kapasitet best mogleg......i tillegg til å ta igjen Finnland som starta 3 min før oss og å slå Svenskane....:-)!!! Formen min har ikkje vore veldeg bra i dag, tung og tett i "håve", under sjølve tempoen fungerte det likevel møkje godt bra. Me greide å jobba bra som eit lag å fekk ut det meste av kapasiteten laget tatt i betraktning. Me greide å ta igjen Finnane, men desverre ikkje å slå svenskane. Me kom på 10. plass av 13. Slo 2 profflag og Finnland. Me er godt fornøgd med det, me er eit ungt lag (.....minus meg!!) og har litt å gå på der, berre vent å sjå om nokre år......:-)

Resten av gjengen er no kjørt ned til Belgia. Eg skulle og vore med der, men sidan helsa er skranten, reiser eg heim nokre dagar for å ta livet med ro og å prøva å koma meg til hektene igjen. Eg reiser ned til Belgia på fredag, bur då saman med dei andre i eit hus som forbundet har fått tak i. Eg blir då kun ein kort periode for å sykla Holland Hills. Reiser ned igjen i midten av august og blir då for ein litt lengre periode, skal då bl.a sykla etapperitt i Albstadt. 

Les meir »

 

Vedenscup i Vårgårda, Sverige »

2008-08-01

På tirsdag reiste eg ned til Sverige for å sykla verdenscup i lag med U23 landslaget (Kristine Saastad, Caroline Wøyen, Tone Temtemoen og Frøydis M Weestad). Fekk litt dårleg oppladning dei siste dagane før avreise med bihulebetendelse og heller dårleg form. Var derfor usikkert om eg i det heila skulle reisa. Etter drøfting med Jonny og Steffen Kjærgård blei det bestemt at eg uansett skulle reisa, lika mykje for å oppleva og få erfaring med alt rundt rittet som sjølve "resultatet" av rittet. Begynte på antibiotika på mandag i håp om at det skulle snu. Her er det kun dei beste profflaga og nokre landslag som er på plass, me bur alle på eit flott hotell med full pensjon, alt betalt av arrangør.........

Les meir »

 

Fantastisk opphald i Frankrike, og nye oppdrag står for tur:-) »

2008-07-21

Då er eg heima ein snartur etter eit fantastisk opphald i Frankrike. Opphaldet blei ein stor suksess på alle måtar for min del!! Kjekt og stort å få sykla i dei Norske fargane og å vera på tur med ein så fin gjeng (legg ut bilder etterkvart). Det var eg, Bjørg Eva Jensen, Line Foss og Tone Hatteland som sykla, Hege Linn Eie Vatland skulle og vore med, men blei desverre sjuk. Normalt sett er det "ungdommen" som får prøva seg (U23 landslaget), men denne gang var det den eldre garde som skulle forsvara dei norske fargane...:-)

Les meir »

 

Tour de Bretagne, 4 og 5 etappe »

2008-07-20

To etapper idag. Ein ganske bra gjennomført tempo, fikk her ein 13 plass. Var tung i beina, som sikkert de aller fleste andre her.... Etter tempoen låg eg som nummer 11 sammenlagd.

Fellestarten viste seg og å bli et veldi hardt løp, med ein knalltøff avslutning på løypa med 5 små runda med ein lang bakke! Vart veldi spredt til mål. Fikk ein 12 plass og e godt nøgde med da! Line blei idag nr 30, Bjørg eva nr 38 og Tone nr 80.

Totalt sett enda det  som nummer 10 sammenlagd, som e meir enn ka som i utgangspunktet var å venta! E strålande fornøgd med da!!

Les meir »

 

Tour de Bretagne, 3 etappe »

2008-07-19

Tredje etappe er vel gjennomført. I dag var da skikkelig røft, med smale veier, vind og høg fart! Kanskje tøffaste løp i karrieren so langt. Folk falt av heile veien. Først i mål kom ei aleina, so ei gruppa på ca 30. Blei idag nummer 21 og er kjempe fornøgd! Ligger no som nummer 22 sammenlagd. Har sett tempoløypa for i morgen - ganske flat løypa som blir avslutta med 1,5 runda inne på ein Velodrom!! Da blir ein ny opplevelse, men ein får vel berre kasta seg ut i da! I morgen blir da 2 etapper. Tempoen og ein fellestart på 80 km. Idag var løypa 100 km.

Les meir »

 

Tour de Bretagne »

2008-07-17

Første etappe unnagjort, bjørg eva, line foss og tone hatteland. 80 km i ei ganske so flat løypa. Streva litt i starten med å komma fram i feltet, men var etterkvart ganske aktiv i front. Hu er veldi godt fornøgd! Bjørg eva var involvert i velt rett før mål, og har fått seg skikkelig kjøttsår på lår og albue.Elin kom i mål først av di norske, men det er blitt noe rot med plasseringane. Håper det blir orden på i morgen å at Elin får rett plassering. Har eit flott støtteapparat å hu koser seg i France :-)

Les meir »

 

Gratulera til Vidar med knallsterk kjøring under Odda-Bø »

2008-07-06

Lørdag sykla Vidar det 240km lange rittet Odda- Bø. Han kom inn med tetsgruppa på 5 stk. Dei sykla knallsterkt og kom inn på ein av dei beste tidene nokon sinne; 5t 56min. Godt jobba:-)

Les meir »

 

Bilder »

2008-07-01

Eg har no lagd ut bilder fra opphaldet i Tyskland/ Nederland og fra NM i Bergen. Fra Bergen er det bilder både fra mine og fra "brodere`n" sine ritt, og fra Tour the Kids der gutane prøve å visa mammo kossen ein skikkeleg spurt skal utførast...:-)

Les meir »

 

Tour the Feminine Bretagne »

2008-07-01

Eg har i dag fått melding om at eg er tatt ut av forbundet til å vera med å sykla Tour the Feminine Bretagne som er eit 4-dagers etapperitt i nord Frankrike 17-20 juli!!:-) Gleda meg veldeg, å må no gjera alt for å halda trøkket og formen oppe til då!!

Les meir »

 

NM fellesstart »

2008-06-29

So skuffa som eg var etter målgang på fellesstarten har eg nok aldrig vore før! Ikkje over formen, beina eller løypa for det fungerte utmerket for meg i dag, men over teknisk svikt med giret 200 m før mål som gjorde at eg ikkje egentleg "fekk vera med " i spurten om 1 til 4 plass!! Me kjørte 8 runder på 9,8km og fekk totalt 1670 høgdemeter. Fra start gjekk det rett inn i ein 2 km lang jamn bakke, deretter var det litt flater og småkupert, før nokre bratte utforkjøringar (max fart 84 km) før det var ei svært bratt kneik opp til oppløpet på 200-300m.Eg likte løypa svært godt, og den skilte tidleg. Mot slutten var me 6 rytterar igjen, eg følte meg sterk heile vegen og hadde på ingen tidspunkt problem med å sitja med i teten. Eg skjønte på dei siste rundane at ingen ville klare å koma i fra og at det ville bli spurt mellom oss i tetgruppa. Fekk beskjed av Jonny om å ligga som nr 2-3 opp siste kneika og gi alt i spurten. Oppløpet var perfekt for meg med litt slak motbakke og brei fin veg, og eg følte eg hadde masse å gi etter siste kneika, Bjørg Eva Jensen og Line Foss kom litt bakpå i denne kneika mendan eg, Hege Linn Eie Vatland, Linn Torp og Anita Valen De Vries var samla opp. Men so ville altså ikkje giret samarbeide!!! Den bratte kneika måtte kjørast på "litla skiva" framme og etter eg var komen opp på flata ville den ikkje opp på stora skivo igjen! Dette øydel alt for meg og når eg endeleg etter mange forsøk, fekk den opp, var  det for seint, dei 3 andre hadde då fått mange meter på meg og hadde starta spurten, eg var dermed sjanselaus og enda på ein 4 plass. Frykteleg skuffande i dag då beina og formen fungerte veldeg bra og alt låg til rette for ein langt betre plassering!! Men marginane er små i denne sporten og i tillegg til at "kroppen" må fungere optimalt så må utstyret fungere optimalt og det gjorde det desverre ikkje for meg i dag. Frykteleg surt og eg kunne gitt temmeleg mykje for å fått kjørt den spurten ein gang til..........

Les meir »

 

NM tempo, 2.plass!!:-) »

2008-06-27

 NM tempo 29,4 km på Sotra. Ei hard "jobbe-løypa", opplett men ein god del vind.Løypa passa meg bra og eg hadde som målsetjing å koma på pallen men visste det ikkje ville bli lett!!! Hadde masse folk langs løypa + Rune og Jonny i følgjebil som "piska" meg avgårda og gav meg sekundering undervegs. Følte det gjekk noko lunde greit fra start, men fekk likevel ikkje heilt opp farten i motvinden ut mot vending.  Ved vending låg eg som nummer 5 og var over 40 sek bak Anita Valen og 27 sek bak Anny Hauglid.  Eg visste at no måtte eg verkeleg begynna å kjøra viss eg skulle greie pall-plass. Kom inn i ein veldeg god rytme heim og kjørte nok fortare enn eg nokon gang har gjort! "Åt" meg gradvis inn på forspranget til dei andre, noko som selvfølgeleg gav massevis av ny motivasjon!! Eg enda på 2.plass på tida 43.42, 9 sek bak Anita Valen og er kjempe  fornøgd, Anny Hauglid blei nr 3, 25 sek etter Anita!!! Det å vera så nær Anita Valen er  ein liten seier i seg sjølv, men likevel kjem jo selvfølgeleg tanken; kunne eg greit 9 sek til.......:-)

Les meir »

 

NM gateritt »

2008-06-23

Det var ikkje heilt min dag i dag, og med ein 8 plass må eg berre konstantera at eg er skuffa over eigen innsats. Mykje av skylda legg eg på ein "deffansiv" innstilling før start. Det var ei løypa som fall lite i smak hos meg;  grove brosteinsparti, innsnervingar i vegen og kummlokk og "kvite striper" i mest kvar sving, desse blir frykteleg glatte i slikt regnver som det var i dag. Hadde eg visst korleis løypa var kombinert med veret hadde eg nok ikkje reist bort til Tønsberg, men når eg først var der ville eg jo prøva å gjera mitt betse.  Hovudfokuset blei likevel for min del at eg ikkje skulle "ødelegga" noko før dei "viktigaste" NM etappane tempo og fellestart, som starta på torsdag. Eg havna langt bakpå fra start og kom i ei gruppa som fall av hovudfeltet, noko som resulterte i at eg måtte kjøre 8 rundar åleine for å ta igjen feltet. Bjørg Eva Jensen og Kristine Saastad kom i fra tidleg og kjørte veldeg sterkt, dei blei nr 1 og 2, Tone Hatteland vant spurten i feltet og blei nr 3.

I tillegg til at mykje nok sat i "håve" i dag, følte eg meg heller ikkje så pigg i dag som eg hadde håpa. Har etter fellesstarten på Stord på tirsdag hatt "rusk " i halsen og i pusten, og har ikkje følt meg heilt på topp dei siste dagane. Likevel plaga ikkje dette meg så mykje i dag som eg hadde frykta,  så no er det berre å håpa det forsvinn heil til torsdag. Det positive med dagens løp er at  eg no iallefall ikkje er mindre gira på å trø skikkeleg til i dei to neste øvelsane....:-)

Les meir »

 

storavatnet rundt, stord sk »

2008-06-17

Treningsritt på Stord.  Det blei kjørt ganske hardt fra start av i dag,  me var 4 stk, eg og Vidar fra Bømlo sk og Jonny og Frode V fra Stord sk, som kom oss i fra relativt tidleg. Me kjørte bra og samarbeida heile vegen, Vidar var nok den som var sterkast og ikkje uventa greida han å rykka i fra i siste bakke opp mot mål og vant på tida 54.40 og ny løyperekord. Det blei eit realt spurtoppgjer mellom meg og Jonny, å eg er svært fornøgd med at eg greide å slå han!!:-) Eg blei nr 2 på tida 54.49. Reslutat på Stord Sk sine sider. Eg følte meg tung i beina i dag, men formen er nok ikkje så verst, så no er det om å gjera å halda formen, få overskudd og å halda seg frisk fram mot NM!!

Les meir »

 

Los cup, tempo på Bømlo »

2008-06-12

Onsdag 11.06, temporitt på Bømlo. Bles godt i dag og var ikkje gode forhold. Eg følte meg tung i beina og det var vanskeleg å koma opp i puls, er derfor svært godt fornøgd med tida 24.46 som er ny personleg rekord. Vidar er i knallform for tida og vant på tida 22.53. Resultat på Bømlo sk sine sider.

Les meir »

 

Gateritt i Erp, Holland, 3-plass!!! »

2008-06-08

Kjørte i dag 60km gateritt i Erp i Holland. Me var nærmare 60 til start i dag og, derav 5 fra merida laget. Det var litt lengre rundar i dag enn på fredag (ca 3,5km) og det passa meg bra!! Eg og resten av merida laget kjørte aktivt. Eg var med å både å skapa og  å tetta fleire luker og var med i fleire brudd, men ingen som holdt inn. Målet er sjølvsagt i "gatene" slik at det er eit "svingete" oppløp. Eg visste at min einaste kjangse i dag var å koma først inn i siste sving. Eg bestemte meg for å gi alt å gå 1 km før mål, eg fekk ei luka og den holdt til siste sving før mål, denne kjørte eg desverre dårleg. Eg mista fart og trudde ei stund eg kom til å havne på fortauet, men det gjekk bra. Eg havna på 3 plass men trur faktisk i dag eg hadde havna på toppen av pallen viss eg hadde greid å behaldt farten gjennom svingen!! Veldeg fornøgd. Merida fekk 1 (Sandra), 3 (eg) og 5 (Gina) plass!!

Les meir »

 

Nacht van Hengeloo, gateritt i Nederland »

2008-06-07

Gateritt i Nederland, 60 rundar, tilsaman 60km. Til tross for dårleg plassering (ikkje blandt dei 30 beste, og får då ikkje plassering) er eg veldeg fornøgd i dag og nesten litt kry øve meg sjølv!! Det som begynte som eit mareritt greide eg å snu til noko positivt!!! Gateritt er som kjent ikkje mi sterkaste sida, spesielt ikkje når det er skarpe svingar og smale gater (halve gater avdelt med gjerer) og 60 til start!! Dei første 20 rundane sleit eg skikkeleg, hang etter etter kvar sving og måtte jobba veldeg for ikkje å falla av feltet. Bestemte meg for at her var det berre å bita tenna i saman, gjera seg litt tøffare enn ein er og glemma alt som heitte bremser!!! Begynte å jobba meg gradvis lengre fram i feltet, og kjørte betre og betre i svingane, eg kom meg heilt fram og var aktivt med å jobba ei god stund. To var gått i brudd tidleg, noko ikkje eg hadde fått  med meg sidan eg då antakeleg låg sist......,eg trudde derfor feltet var samla og at me hadde 3 rundar igjen (sidan det var det som viste på tavla) då me var ferdig!! Dei to utbryterane hadde tatt oss igjen og dei ville avslutta feltet slik at desse fekk gjere opp seg imellom. Det blei derfor lite spurt på meg, men, men om eg hadde klart nokre plassar betre har det lite å bety. Det viktigaste er at eg føler at eg lærar og drar nytte av dei erfaringane eg får her nede!! Rune og gutane stod på sidelinga og heia på meg på kvar runde, kjempe motiverande!!:-)

Les meir »

 

Endring i planane!!! »

2008-06-07

Planane er endra og er reiser heim no mandag i staden for neste mandag. Det har jamnt øve gått veldeg bra her nede, å eg er veldeg fornøgd med opphaldet så langt. Eg ser eg har mykje å læra på det tekniske/taktiske, men er langt i fra avskremt. Eg har fått veldeg gode tilbakemeldingar fra laget, og er allerede blitt lova å få kjøre UCI ritt her i august, noko eg gler meg veldeg til!! Grunnen til at eg reiser heim tidlegare er at neste helg er det ikkje så viktige ritt her, ein klassiker og eit gateritt, og eg ønskjer no å ha fult fokus på NM som er eit av mine store mål i år. I samråd med Jonny (trenaren) er eg komen fram til at det då er betre å koma heim. Det er  vanskelegare å få trent skikkeleg (litt pga buforhold) her enn heima, i tilegg til at eg ikkja har temposykkel her. I NM i år er det bakkar og tempo som gjeld!!:-) Men eg har eit ritt igjen før eg  reiser heim. Eg skal kjøre gateritt  i Holland i måro (Søndag), det har eg veldeg godt av ,og eg skal bita tenna i saman fra start for ikkje å bli hengande bakpå:-)

Les meir »

 

Parel van de Veluwe »

2008-06-04

Fellesstart på 130km i Nederland. Ikkje fult så fornøgd i dag, følte eg sleit meir med å koma meg i front, til tider svært smale veiar og der havna eg som regel langt bak....men kom meg i front eit par gangar i dag òg, og gjorde nokre tapre forsøk på å koma i fra, utan at det lykkast.....denne gangen!!:-) Tone Hatteland var i ei utbrytergruppa på 3 stk ei god stund, veldeg kjekt å møta andre norske i feltet og å få litt gode råd på veien fra dei som har vore litt lengre i "gamet" enn meg. Det blei ein massespurt i dag, inn i nokre smale svingete gater, her er eg rett å slett for dårleg...... kom langt bak i feltet som blei strekt til ein lang "slange". Det å plassare seg rett og å vera nok framme på  slutten er noko eg må erfara og bli betre på!! Me hadde vel 40km/t i dag.

 

Les meir »

 

På pallen i Tyskland!!:-) »

2008-06-01

I dag kjørte eg og Gina gateritt her i Tyskland (G.P Køln - Molheim) mens resten av laget sykla i Nederland. Dette av praktiske årsakar, rittet her var i sykkelavstand til der eg bur. Me var 30 til start, 2 av desse var "proffar". Me kjørte 43 km over 30 rundar. Relativt tidleg i rittet var me 5 som kom oss i fra, me  kjørte hardt i starten og fekk god avstand til dei bak, etterkvart tok me feltet  igjen med ein runde, og det blei ganske forvirrande når  desse "blanda" seg inn, å eg måtte huska kinn som var i mi gruppa og dermed kinn eg måtte passa på!! 2 runder før me var ferdig trudde eg dei gav beskjed om at berre me 5 skulle spurta, men det var omvendt...... eg burde skjønt det, men i kampens hete og når alt gåt på tysk er det ikkje alltid så lett å få alt med seg!!:-/ Iallefall spurta eg men skjønte fort at me hadde 2 rundar igjen, heldegvis gjekk det relativt roleg dei 2 siste rundane, slik at eg fekk henta meg inn litt igjen til den verkelege spurten!! Eg blei nr 3 bak "poffane" Christina Becker fra Equipe- Nurnberg Versicherung og Madeleine Sandig fra Team Higraod. Eg er godt fornøgd i dag og!!:-)

Les meir »

 

Då e "ilddåpen" unnagjort!!:-) »

2008-05-31

Då har eg gjennomført mitt første sykkelritt i "sykkel-landet" Holland, å eg må sei meg godt fornøgd med starten!!:-) Med 160 til start, regn undervegs som førte til glatte veier og brosteinsparti + svingete og smale veier, så fekk eg prøvd meg på kva det vil sei å sykla her nede!!! Var ganske nervøs før start, eg visste at her var det 160 jenter som alle ville liggja blandt dei 20 første.......Sleit veldig med å koma meg fram i starten, men etterkvart greide eg å koma meg fram å eg var då aktivt med å jobba....men "vips" så var eg langt bak igjen, så var det på an igjen for å koma seg fram på ny. Den største utfordringa i dag synest eg var det å ligga i, og å manøvrera seg fram i feltet + det glatte underlaget som eg følte meg veldeg utrygg på, farten skremte meg ikkje!! Spurten min var ikkje noko å ropa "hurra" for, så plassering blei ikkje så veldeg god, men det var heller ikkje det som var målet i dag. I dag var målet å "prøva" meg fram kossen eg takla dei nye utfordringane som ritt her nede byr på i forhold til heima, å det følte eg at eg greida bra!!:-) MEN eg har møkje å læra endo!!!

Les meir »

 

På plass i Køln!!!!!:-) »

2008-05-29

Heisann!! Då er eg på plass i Køln, eller rettare sagt "Longerich" som er ein liten by utforbi Køln. Bur 200m fra eine lagledaren og Gina, eine ryttaren på laget. Dei er  veldeg hyggelege og hjelpsamme!!! Reiser til ritt og det meste av treninga her nede, kjem eg til å gjera i lag med Gina. Begynna å få litt meir oversikt over kva ritt eg skal sykla, å det ser ut som det  iallefall blir 8 ritt desse vekene, så programmet er tett!!!!. Det blir mykje kjøyring til og fra ritta som er rundtom i Tyskland, Nederland og Belgia. Veret er heilt topp, har i dag hatt 28 varmegrader og overskya. Har vore ute å trent i lag med Gina på ein runde eg aldrig ville funne på eiga hand.... heilt flatt, alt ser likt ut på småveiar inne i nokre åkrar....:-)

Les meir »

 

Fellesstart Eidsvoll, søndag, 2.plass »

2008-05-26

 

Fellesstart 85 km. Bra stort felt i dag, ca 40 stk. Kupert løypa  med 2 lange bakkar, over Minneåsen og over Tajet. Feltet blei delt opp over Minneåsen, var 10 stk på toppen og 8  når me kom ned igjen. Me Samarbeida bra fram til neste bakke, denne var litt kortare, men blei kjørt litt hardare. På toppen hadde eg, Hege Linn og Bjørg Eva fått ei luke (ca 15 sek) ned til Linn Torp, Line Foss og Kristine Saastad,  dei jobba bra og greide å ta oss igjen på flatene. Me hadde ca 40 km igjen etter denne stigningen og jobba for det meste bra i rulle resten, men det blir alltid litt ”luring” og dårligare kjøring når det nærmar seg mål å når me ser at dei bak ikkje vil greie å kjøre oss inn. Inngangen til spurten og spurten var lik som i går, så eg visste eg måtte plassere meg litt annerledes enn eg gjorde i går.
 

Les meir »

 

NC Eidsvoll, fellesstart »

2008-05-24

I dag var det fellesstart på nærmare 90 km i et møkkaver, 6 - 7 grader og regn!!! Me kjørte 4 runder i ei flat løypa. Det var ein del bruddforsøk og relativt roleg kjøring til me endeleg greide å koma i fra ein gjeng litt uti 3. runde. Eg hadde tru på at me skulle greie å halda inn då det var sterke ryttarar i bruddet, Kristine Saastad, Hege Linn Eie Vatland, Bjørg Eva Jensen, Linn Torp og eg. Men me måtte jobba godt heile vegen for dei bak hadde ikkje lyst å sleppa oss av syne, og hang lenge rett bak. I spurten kjørte eg desverre for dårligt og enda på 4. plass. Er likevel bra fornøgd då me fekk kjørt bra og det blei eit skikkeleg sykelritt til slutt!!:-) I måro er det ny fellesstart og nye mulighetar, eg leda samanlagd for helga og har ikkje tenkt å gje den ledelsen fra meg utan kamp!!

Det er viktig med god hjelp før, under og etter ritta, Rune har det travelt med klargjering av syklar, servicekjøring, halda orden på kler og mat, massera slite bein etc. Han gjere ein kjempe jobb og begynna å bli dreven i "faget"!!!

Les meir »

 

NC Eidsvoll, tempo, 1.plass »

2008-05-23

Tempo 10 km. Lenge si eg har vore so gira før start som eg var i dag, hadde frykteleg lyst å kjøra fort!:-)Eidsvoll har ikkje akuratt vore min "lykkeplass" når det gjeld tempo. Har hatt 2 tekniske uhell på tempoløp tidlegare, begge dei har vore på Eidsvoll (punktering eine gangen og kjede hoppa av og "kilte" seg fast andre gangen), i tilleg var fallet på cup avslutninga i fjor, då eg knakk bekkenet, i same området. Men i dag fekk eg full klaff!!! Er kjempe fornøgd og kom i mål på 13.45, ny pers med god margin. Det var ganske tett i "toppen" kan ein sei, eg slo Caroline Wøyen, IK Hero, med 21 hundredeler!! Elin Juvik fra BOC kom på 3.plass på tida 13.57. Herligt å ha marginane på mi sia!!!:-) 

Les meir »

 

Då begynna alvoret...... »

2008-05-22

Etter ein treningsperiode med lite reising, går eg no ein hektisk månad i møte!!!I vel 2 veker har eg no "berre" vore heima å trent og delteke i lokale ritt. Det har vore godt å få konsentrert seg om å trena, å eg har fått god hjelp av mine "gode hjelparar" Vidar (broderen) og Jonny (trenaren) til å få kvalitet på treningane. Men no er eg klar til å koma i gang med ritt igjen og går ein svært utfordrande periode i møte:-)

Les meir »

 

spar cup tempo på Stord »

2008-05-21

Tempo ritt på Stord. Følte meg bra pigg i dag og hadde som mål å kjøra betre enn for 14 dagar sidan. Kom i mål på tida 25.39, 7 sekund betre enn sist. Då forholda var litt dårlegare i dag (meir vind) er eg fornøgd til tross for at eg i utgangspunktet hadde håpa å forbetra meg enda litt meir!!!:-)

Les meir »

 

Dei skal tidleg krøkjast....!!! »

2008-05-16

No har Johannes fått seg racar, ein knalltøff litten Specialized!!! Me måtte jo selvfølgeleg ha oss ein liten prøvetur, å det er ikkje godt å sei kven som var mest stolt...mor eller sønn!!:-)

Les meir »

 

storavatnet rundt, stord sk »

2008-05-13

Fellesstart på Stord: storavatnet rundt 36km. Følte meg bra pigg i dag og er stort sett fornøgd med rittet. Ryggen og skuldra fungerer heilt fint igjen!!:-) Vidar og Dag kom seg i fra , me var ei gruppa på 6 stk bak, hadde augekontakt med dei forann mest heile veien men greide ikkje å henta dei inn igjen. Vidar vant spurten forann Dag. Resultat på stord sk sine sider

Les meir »

 

Østfold 3-dagers, fellesstart »

2008-05-06

Fellesstart 80 km i Halden. Sykla 2 rundar i ei løypa på 40 km, løypa hadde ein relativt lang bakke, der eg i utgangspunktet hadde trudd me skulle greie å dele feltet meir enn me gjorde. Det blei kjørt bra i bakken, og var nokre bruddforsøk, men ingen som lukkast. Rittet i dag synest eg likevel var prega av mykje dårleg kjøring og få som var villig til jobba, eg var til tider ganske frustrert......Det enda med spurt der eg trakk det lengste strået og vant forann Tone Walskår fra Sandnes og Tone Hetteland fra Bryne.

Skaden i skuldra og ryggen plaga meg lite under rittet i dag, heldegvis er det på bedringens vei!! Skal no ha ein god treningsperiode fram til slutten av mai. 24-26/5 er det nytt  norges cup ritt i Eidsvoll, 28/5 reiser eg til Nederland i ein 3 vekers periode for å kjøre ritt i lag med "merida-laget" der, deretter er det klart for NM i Bergen!!!.

Les meir »

 

Østfold 3-dagers, gateritt »

2008-05-05

Gaterittet gjekk i Fredrikstad sentrum i ei rundløypa på 1300m. Rittet i dag gjekk heilt greit nok for min del, det var første gaterittet mitt i år. Fekk ikkje til spurtane i dag, verken i dei innlagde spurtrundane eller i avslutninga. Var litt feig og trekte meg dersom er følte det blei "trangt". Fekk 5 plass.

Les meir »

 

Østfold 3 dagers, tempo »

2008-05-02

Østfold 3 dagers, tempo. Rundløypa på vel 10km, relativt flat men likavel "treg" løypa. Eg følte det gjekk ganske bra i dag, holdt eit greit "trøkk" heile vegen. Mykje motvind og tungt på slutten. Både skuldra og ryggen kjente eg merkeleg nok lite til under sjølve rittet.....:-)!! veldeg jamnt mellom dei 4 første, berre sekundar som skilte. Anny Hauglid nr 1(15.20), Kristine Saastad nr 2(15.22), eg nr 3 (15.26) og Bjørg Eva Jensen nr 4 (15.27). (Lite forbehold om tidene, uoffesielle)  Eg er godt fonøgd i dag, har hatt "dårlege" forberedelsar denne veka og har slitt /sliter mykje med ryggen etter fallet forrige søndag. Men likavel, når det er berre er snakk om sekundar så tenkjer ein alltid at ein kunne gjort det litt bedre.......kjørt litt hardare for å henta inn dei siste sekunda!!!!!

Les meir »

 

Grenland gran prix, fellestart søndag »

2008-04-27

Ny fellesstart i dag ,ca 90km, der eg kom på 3.plass.  Kjørte 12 runder i rundløype, løypa var prega av enten bakkar eller utforkjøring, flatene bestod  stort sett av "tekniske" parti inne på eit industriområde. Det regna godt i dag og eg var spent på utforkjøringane. Etter 4. (eller 5.?) runde hadde me kjørt bra opp bakken og fått delt feltet, nedover låg eg som nr 3, men blei desverre for reservert. Dei 2 føre (Bjørg Eva Jensen og Kristine Saastad) fekk luka og starta starks eit samarbeid for å koma i fra, noko dei lukkast godt med. Me var då ei gruppa på 6 ryttarar som ikkje greide å "samarbeide" så godt. Kristine og Bjørg Eva kjørte kanon godt i dag og fekk stadig større avstand til oss bak, og  dei holdt med god margin inn til mål.

Les meir »

 

Grenland gran prix, fellestart »

2008-04-26

1.plass på fellestart i dag, 90km :-) Var veldeg spent i dag på korleis det ville gå, både pga at eg stilte "halvskada" og pga at det var første Norges cup ritt i år for min del (var gateritt i går kveld som ikkje eg deltok i). Kjørte ei rundløype på 8,1 km (11 gangar) løypa var småkupert og hadde nåken relativt stygge utforkjøringar. Eg kjørte ganske aktivt i dag, var interessert i å redusere feltet for å føle meg meir trygg i utforkjøringane. Utover i løpet begynte det å regna, eg var veldeg forsiktig utfor (enda meir enn normalt!!!) var ikkje villig til å ta noko kjangsar , konsekvensane av et evt nytt fall kunne blitt for store. På slutten var me 8 stk igjen å det blei spurt. Målområdet låg etter ein bakke, noko som passa meg bra. Fekk grei fart i spurten men er ikkje 100% fornøgd!!!. Tone Hatteland blei nr 2 og Bjør Eva Jensen nr 3. Eg kjente overraskande nok ingenting til skaden i skuldra, litt verre med korsryggen/hofta, var godt stiv her mot slutten, men utan at eg trur det hindra meg noko særleg. Har no fått god masasje av maèn, så satsar på at eg ikkje stivnar for mykje til til i morgen....:-)

Les meir »

 

Eg reise:-)!!! »

2008-04-24

Har vore veldeg mykje fram og tilbake i dag, har følt at eg kan greie å gjennomføre på ein god måte, men usikker på kor stor faren ved eit evt fall eller liknande, med tanke på bruddet, vil vera. Blei derfor i samråd med Jonny (trenaren) enige om at eg står øve pga at det kjem viktigare periodar seinare på våren. Har likavel ikkje greid å slå meg til ro med dette, har så frykteleg lyst til, og føler behov for, å "koma i gang"!!!!

Les meir »

 

brudd alikevel!!! »

2008-04-23

Desverre har det vist seg at både eg og sykkelen har fått hardare medfart i fallet på søndag enn det først såg ut til. Eg har pådratt meg eit brudd ytterst i venstre skulder..........å sykkelen har knekt styret!!:-) Bruddet, i tillegg til at hofta fortsatt ikkje er heilt god, har gjort at NC i Grenland i helga heng i ein tynn tråd. Varier sterkt kva eg hadlar mot, fornuften og viljen blir ikkje heilt enig!!! var ute å sykla ein roleg tur på 3 timar no i kveldinga og blei då positiv overraska, gjekk mykje betre enn eg trudde både med tanke på skulder og hofta. Skal i måro testa med litt meir "rykk å napp" , litt spurting og liknande, og må nok då ta ei avgjersla. Gateritt på fredag er uansett ikkje aktuelt, både pga større fallfare (noko som absolutt ikkje bør skje med tanke på bruddet) meir "rykkete" kjøring og pga at ventar eg til lørdag har eg enda ein dag til  å koma meg på....

Les meir »

 

Fellesstart - knall og fall!!!! »

2008-04-20

I dag var første fellesstart rundt Gassasundeti et kanon fint vèr. Då bl.a ein del av "dei faste" ikkje var komen heim fra treningsleir , var me ikkje så mange i dag. Eg, Jonny, Roger og Georg kom i frå opp mot Gilje. Me kjørte bra og drog godt på i bakkane. Følte meg pigg undervegs og er godt fornøgd med rittet generelt, men i spurten  gjekk da verre....... Da blei velt 1oo m før mål og alle 4 fekk seg ein tur i asfalten. Eg låg då som nr 3, og både eg og sykkelen fekk oss ein god salto! Eg landa på hofta og var i starten redd for at det blei reprise fra oktober med brudd i bekkenet, men heldegvis ser det ikkje ut til å vera det. Har fått bra med juling både på hofta og i venstre skulder men håpa å vera tilbake på sykkelen i løpet av nokre dagar , og er fortsatt optimistisk i forhold til å kunna vera med på norges cupen i Grenland til helga!!! Me hadde 48 km/t då me falt så at det kjentes er vel kanskje ikkje så rart. Georg knakk kragabeinet, men dei 2 andre gjekk det forholdsvis bra med. Sykkelen min overlevda heldegvis òg, den landa tydlegvis på setet for det hadde fått ein god karamell, ellers var det ikkje så mykja å sjå på den!!

 

 

 

 

Les meir »

 

Då va ritta igang igjen!!! »

2008-04-16

I kveld var det første lokale temporittet på Bømlo. Det er godt å koma igang igjen å få testa formen, alltid litt nervøs og spent før førsta rittet i sesongen. Det var flott ver i dag og fine forhold. Eg er bra fornøgd, målet var å kjøre betre enn første ritt i fjor, og det greide eg med god margin (forholda var nok òg betre i dag enn førstre ritt i fjor...), men likevel fekk eg bekrefta at eg er tilbake og på rett vei etter brudda i haust, så no er da berre t å trø t vidare. Neste ritt er fellesstart rundt Siggjo på søndag, håpar på lika fint ver og bra med folk:-) Resultat på Bømlo sk sine heimasider

 

 

Les meir »

 

Treningsleiren over for denne gang »

2008-04-04

Dessverre blei ikkje treningsleiren heilt som eg hadde håpa denne gangen. Bihulene og forkjølelse plaga meg meir eller mindre under heile opphaldet. Fredag og lørdag måtte eg ta heilt fri pga av sjukdom. Søndag var eg tilbake på sykkelen,  litt redusert men for frisk til å klara å ta det med ro........

Les meir »

 

Helsing fra Mallorca »

2008-03-27

Då er eg komen til sykkelparadis!!:-) Her kryr det av syklistar, og det er et vanvittig veinett med utallige mulighetar. Bur på et hotell (Fontanella) saman med haugavis av andre syklistar......noko hotellets sykkelgarasje vitnar om!! Kunne vore litt varmare i vèret, men kan vel ikkje klaga, har for det mesta sykla i kort-kort og da er det ikkje akuratt mulighet for heima  etter som eg har skjønt!:-)

Har hatt ein litt uheldig start her nede med forkjølelse og tette bihuler, alle gode råd (....og medisiner...!!.) blir prøvd i håp om å stoppe det før det blir for gale. Planane har blitt litt endra for ikkje å kjøre for hardt, men det har likevel blitt ein god del både mil og timar!!

Les meir »

 

Klart for avreise til Mallorca!! »

2008-03-22

Eg er no komen heim fra hytta. Har pakka om, og har byta ut sjal og vottar med sommarklær!! Hatt noken fine dagar på fjellet, med trening på rulla på morgonen og ski (slalåm eller langrenn) i "familietempo" på dagen. Veret har vore ganske bra men kaldt. Sykla "hurtig" langtur i dag i lag med ein gjeng fra Stord  (Jonny, Roger og Bjørn William) og ein austlending (Steffen). Nydeleg ver i dag, blå himmel og sol, og -3 til o grader. Skal bli herligt å koma ned til varmare strøk og verkeleg kjenna sola varma slitne sykkelmusklar!!:-) Reiser i måro tidleg og satsar på at det er vår når eg kjem tilbake, skal vera der i 10 dagar!!!

Les meir »

 

GOD PÅSKE!!:-) »

2008-03-16

Eg vil ønskja alle "sykkelvenner" ei god påske!! For min del går turen no i ettermiddag opp til hytta til foreldra mine i første omgang, neste søndag reiser eg vidare til Mallorca med mine gode venner Monica og Gunn fra Rye.

Les meir »

 

Endeleg vår i lufta:-) »

2008-03-11

Kjempe flott vår ver i dag, 10 grader og tørr asfalt!! Fellestrening i regi av Jonny på trekantsambandet. Kjekt og inspirerande å sykla i lag med fleire etter mange timar åleine i vinter. Fekk i dag kjenne "syra", vondt men godt:-)

Les meir »

 

"aldrig best alene" »

2008-03-06

Tusen takk til Fylkesnes Bil for invitasjon til føredraget "aldri best alene" med Dag Erik Pedersen!! Fantastiks bra og inspirerande føredrag om viktigheten av å tenkje positivt, holde fokus og å setja seg mål!!

Les meir »