elinsfylkesnes.com © 2008                    

 

Tour of Ardeche


2009-09-16

elin

 Etapperittet i Ardeche, Frankrike, blei ikkje heilt som eg hadde håpa. Formen var god i perioden før eg reiste og eg sette bla.a  2 nye personlige rekordar på temporitt her lokalt. Men dessverre begynte helsa nok ein gang å ”svikta”  nokre dagar før eg skulle reisa ned. Tung og tett i håve og ”uggen” i kroppen. Eg tok det heilt roleg dei siste dagane før avreise i håp om at det for ein gang skyld skulle snu!!! Men det blei ei tøff veka; 5 dagar, 6 etappar 17,5 timar, 553 km og 7000 høgdemeter kombinert med 30 grader i snitt temp, ein ”halv-sjuk” kropp og håveverk er ingen spøk!!

 

 

Eg trudde ikkje eg kom til å greie å fullføre heile rittet, og tok dag for deg. Må innrømme at eg lurte litt på kva eg ”balte” med nokre gangar og var ganske nær på å ”hiva inn håndkle” fleire gangar, men heldigvis greidde eg å fullføre heile rittet, noko eg er godt fornøgd med slik forholda blei for min del! Dei første dagane var faktisk verst, helsa kom seg merkeleg nok litt ut i rittet. Fokuset for meg blei å hjelpa dei andre jentene så godt eg kunne. Det var fint å kunna gje noko tilbake til U23 jentene som alltid er så positive og som eg føler har lært meg mykje om korleis store ritt i utlandet fungerer. Eg trivest godt i lag med og har stor respekt for ”jentene”, så med ei ”skrantande” helsa var det godt å få motivasjonen over på å hjelpa enn å fokusera på seg sjølv!! Frøydis hadde eit kanonbra ritt 3.etappe, her kom ho inn på ein imponerande 10.plass!! Ho har etter denne bragden blitt tatt ut til WM, vel fortent!!! Kristine fekk best plassering av oss norske samanlagd, ho kom på 41.plass. Det var 140 til start første dagen og det var 70 som fekk fullføra alle ritta, me var 3 av 5 norske som fekk fullføre.
 
Det var eit fantastisk fint ritt i eit utrulig flott landskap og me hadde ein kjempe fin tur. Davy er ein super lagledar og hadde med seg flinke hjelparar fra Belgia; Dennis (massør), Juan (mekanikar) og Dirk (alt mulig mann!!).
 
No er nok sesongen over for min del, det var eit hardt ritt for ein ”halv-sjuk” kropp, og eg treng nok derfor litt tid før eg er restituert igjen. Håpar på ein fin haust med mykje alternativ trening, og ikkje minst at eg kan finna ut om det er noko som kan gjerast i forhold til bihuleproblematikken min!! Dette året har blitt prega av altfor mykje sjukdom, noko eg må innrømma går litt utover motivasjonen…….:-/