elinsfylkesnes.com © 2008                    

 

Albstadt frauen etappenrennen


2009-08-24

elin

Denne helga har Team Alfa vore i Tyskland og sykla  ”Albstadt Frauen etappenrennen” på oppdrag fra forbundet/landslaget. Fra Team Alfa var eg, Johanne og Tone,  med oss hadde me i tillegg Marie Voreland og Emma Skjærstad. Me reiste først til Oslo på onsdagen for å stå på stand for ”Trek” i forbindelse med Oslo Grand Prix, og reiste vidare til Tyskland torsdag morgonen. Det blei ein lang dag med mykje venting, team bilen som var kjørt i forveien og skulle henta oss på flyplassen i Frankfurt, hadde fått motorhavari…..

 

Fredag: Prolog på 4 km. Løypa går svakt opp mot vending, går så rundt eit bygg ( 4 x 90 graders svingar) for så å gå nedover mot mål igjen. Det var i dag til tider kraftig regn, men eg var heldig og starta seint, det var opplett når eg starta men vegen var fortsatt våt. Det er vanskeleg å få ein god rytme på så korte ritt, blir litt ”jagande”!! Eg følte ikkje eg fekk opp pulsen og hadde ikkje ”god-følelsen”. Eg kom på 14 plass på tida 05.12.07, Emma kom på 13 p. på tida 05.12.03. Vinnartida var på 04.59 (Sara Mustonen fra Hitec). Johanne kjørte og bra og kom på 32 p på tida 05.23.
 
Lørdag: Fellesstart 8x 10,5 km, tilsaman 84km. Løypa består av ein lang bakke oppover deretter ei sletta før det er ein lang utforkjøing som går direkte over i bakken igjen. Målet er dessverre i bunn av bakken!! Det gjekk fort dei 2 første rundane og feltet blei sterkt redusert. Det gjekk så litt rolegare igjen i 3.og 4. runde, for så å bli kjørt hardare igjen på dei siste rundane. Eg følte meg bra i bakken oppover i dag og kjørte òg bra på sletta. Nedover er eg dessverre for dårleg, og havna her som regel bak i feltet, noko som førte til at eg måtte bruka bakken oppover til å klatra meg opp i feltet igjen. Nedover hadde me opp mot 90 km/t, når ein då har folk på alle sider og kun ei sykkel mellom beina, er det lett å føla seg litt ”liten”!!!!
Charlotte Becker fra Nurnberg var i brudd, eg kom i gruppa bak. Eg  kom inn til same tid som første gruppe men då det var ”splittelse” i feltet, og eg låg langt bak fekk eg 10 sek dårlegare tid i samandraget!! Eg blei nr 27 i dag og ligg som nr 12 samanlagd (9 sek bak 3.plass). Marie, Emma og Tone kom samla til mål eit stykke bak.
 
Søndag: Gateritt; 40 x 2,1km. Det gjekk fort fra start i dag og feltet blei tidleg langstrakt. Dette er ikkje min type ”favoritt-løype” og eg blei hengjande ein del bakpå, men greide heldegvis å ”klora” meg fast. Det var brudd forsøk undervegs men dette blei kjørt inn. Tone fekk verkeleg vist feltkvaliteten sin i denne type ritt i dag og låg fint plassert under heile rittet. Me kom begge inn med feltet, Tone blei 32 og eg 37. Samanlagd enda eg på 12 plass.