|
Velkommen til heimesida mi
Velkommen til www.elinsfylkesnes.com. Her vil eg legga ut bilete, siste nytt, nyhetsoppslag, resultat og oppdateringar.
2009-09-16 Etapperittet i Ardeche, Frankrike, blei ikkje heilt som eg hadde håpa. Formen var god i perioden før eg reiste og eg sette bla.a 2 nye personlige rekordar på temporitt her lokalt. Men dessverre begynte helsa nok ein gang å ”svikta” nokre dagar før eg skulle reisa ned. Tung og tett i håve og ”uggen” i kroppen. Eg tok det heilt roleg dei siste dagane før avreise i håp om at det for ein gang skyld skulle snu!!! Men det blei ei tøff veka; 5 dagar, 6 etappar 17,5 timar, 553 km og 7000 høgdemeter kombinert med 30 grader i snitt temp, ein ”halv-sjuk” kropp og håveverk er ingen spøk!!
Les meir » 2009-09-05 I morgon tidleg reiser eg til Frankrike for å sykla "Tour of Ardeche" i lag med landslaget. Dette er eit etapperitt med 6 etappar som går over 5 dagar, 5 fellesstartar og ein tempo. Det er eit kuppert ritt med fleire "heftige" fjell og med svært høgt nivå, så det blir spennande å få prøva seg!! Les meir »  2009-08-24 Denne helga har Team Alfa vore i Tyskland og sykla ”Albstadt Frauen etappenrennen” på oppdrag fra forbundet/landslaget. Fra Team Alfa var eg, Johanne og Tone, med oss hadde me i tillegg Marie Voreland og Emma Skjærstad. Me reiste først til Oslo på onsdagen for å stå på stand for ”Trek” i forbindelse med Oslo Grand Prix, og reiste vidare til Tyskland torsdag morgonen. Det blei ein lang dag med mykje venting, team bilen som var kjørt i forveien og skulle henta oss på flyplassen i Frankfurt, hadde fått motorhavari…..
Les meir »  2009-08-17 Søndagens fellesstart gjekk over ei ganske kuppert 64 km lang løype! I dag viste heldegvis Lørenskog seg fra ei langt bedre sia med sol og opplett!! Rittet i dag gjekk bra, det blei kjørt ganske aktivt fra start fra Alfa si sida, men og ein del andre gjorde ein god jobb for å få fart på rittet!!:-) I ein bakke etter ca 3 mil kom eg, Tina og Trude Karlsen oss avgårde i brudd. Ein bratt og relativt lang bakke skulle kjørast to ganger heilt mot slutten av rittet, siste gang opp her måtte Trude sleppa oss og eg og Tina kunne sykla inn til dobbel Alfa seier. Eg kom på 1.p og Tina på 2.p. Samanlagd "tapeserte" me og pallen, eg på 1.p Tina på 2.p og tone på 3.p. Nok ei kjempe helg for Team Alfa med godt samarbeid!!:-) Les meir »
For fleire nyheter, sjå nyhetsarkivet.
|
![]() |
|